05/07/2019
Tysdag 2. - fredag 5. juli har me vært med som turleierar på friluftsskulen! Friluftsskulen er eit tilbud for 10-13 åringar som har lyst til å være ute og lære litt nye ting. Me møttast kvar dag på Bygdetunet kl. 9 og avslutta dagen kl. 14, og kl. 15 fredag.
Sondre, Muad, Anders og Gro har vore med frå DNT ung Gautefall saman med Amalie frå DNT Telemark☀️ Me har hatt nokre utruleg koslege og fine dagar saman med 9 supre jenter og gutar!
Me starta friluftsskulen med tausisten, boksen går og nærgjømsel før me laga taco på bål. Etter mat blei det laga tre fine gapahukar i gapahukkonkurransen😊
På onsdag leika me forskjellige leikar i skauen og grilla vår eigen hamburger på bålet. Etter mat blei deltakarane delt inn i tre lag og fekk litt opplæring i orientering av kart før dei prøvde seg på ein natursti der dei måtte bruke kart for å finne postane. Når alle laga hadde kome i mål var det tid for hinderløype, der dei som ville dei prøve seg på i tauløypa, balansere på stokk, kast og å ikkje komme innatt tauet.
Då torsdagen kom reiste me på fisketur til den nye gapahuken ved Henseidvannet for å prøve fiskelykken. Det blei berre ein fisk, men den var ganske så stor!🎣 Til mat hadde me pannekaker på bål🥞😍 Etter mat var det tid for litt meir fisking for dei som ville det, og ellers var det leik før bussen kom å køyrte oss tilbake til Bygdetunet.
Den siste dagen gjekk me til Himmelriket på Gautefallheia. Det var ein lett tur for desse spreke folka her! På toppen åt me litt snacks og hadde ei pause før me gjekk ned igjen. Nede ved Biathlonen grilla me pølser og pinnebrød i bålpanna. Etterpå hadde me ein kviss, litt sisten, rødt og grønt lys og leita etter rumpetroll i be**en. Så tok me bussen ned igjen og der fekk alle diplom fordi dei hadde vore så flinke!
Tusen takk for ei utruleg fin veke!