Kyrkjebåten i Jondal

Kyrkjebåten i Jondal På denne sida får du informasjon om Kyrkjebåten i Jondal og aktivitetar knytta til båten.

20/07/2017

Hei alle gode vener av kyrkjebåten i Jondal!.

Dugnad.
Naustet er snart fedig. Det vert dugnad tysdag 25. og onsdag 26.07. frå kl. 10 til kl 13. Tjærebreiing og helletilpassing. Ta gjerne kontakt med Per på tlf. 97748093 dersom du har lyst og tid.
Roturane på onsdagskveldane har i år hatt god oppslutning. Har de lyst å vera med, er de velkomne til Meierikaien kl. 18.55 på onsdagane

Rosesongen for kyrkjebåten har i år starta bra med fint ver dei 2 fyrste onsdagane. 6 roarar på fyrste turen og 8 på and...
02/07/2017

Rosesongen for kyrkjebåten har i år starta bra med fint ver dei 2 fyrste onsdagane. 6 roarar på fyrste turen og 8 på andre, så dette lovar bra. Båten har plass til 14 roarar, styremann og nokre passasjerar så det er berre å møta opp. Skulle me bli fleire, ligg 10 æringen frå Torsnes klar til å slutta seg til. Roing er kjempegod trening for heile kroppen!

Naustprosjektet er og i rute. Annonsert dato for innviingsfest vert endra til fredag 25. august 2017. Nærare orientering om klokkeslett og opplegg fylgjer i august.

24/06/2017

Kyrkjebåten er no klar for ein ny sesong.

På fyrste onsdagsroturen var me 6 personar om bord. Roturane held fram kvar onsdag kl. 19.00 fram til og med 09.08.17. Gamle og nye vener og tilreisande er velkomne til å vera med, møt opp med "meierikaien" kl. 19.00.

Kyrkjebåten er nyoppussa på fartøyvernsenteret.. Bygginga av naustet er godt i gong og skal vera ferdig innan august. 01.09.17 vert det innviingsfest med reker og dans. Gamle og nye vener er herved inviterte.

Dette er det aktuelle naustet.
25/01/2017

Dette er det aktuelle naustet.

Her er teikningar av naustet/utstillingslokalet.
25/01/2017

Her er teikningar av naustet/utstillingslokalet.

25/01/2017

Kjære gamle og nye vener av Kyrkjebåten i Jondal!

No har kyrkjebåten vore på Hardanger Fartøyvensenter og fått ei etterlengta rehabilitering med god hjelp av eit tilskot på kr 80.000 frå Spaqrebankstiftinga Hardanger. Det som står att no er ei grundig overflatebehandling før sjøsetjing til komande sesong.

Ein nyoppussa kyrkjebåt treng eit ”utstillingsnaust” ! Med nokre atterhald kan dette ordnast før båten skal i hus til hausten. Kommunen har eit naust i sentrum som ved forlenging og rehabilitering kan gjerast om til eit utstillingslokale for kyrkjebåten når han ikkje ligg på sjøen. Når båten ligg på sjøen, får me eit utstillingslokale som t.d. kan nyttast til ulike utstillingsføremål. Sparebankstiftinga Hardanger har gjeve eit tilskot til dette prosjektet på kr 160.000. Resten av finansieringa kjem truleg frå kommunen og dugnad frå kyrkjebåtens vener. Eigna arbeid for dugnad frå venegjengen kan t.d. vera riving av gamal bordkledning, støyping av grunnmuren på tilbygget, litt utanomhusarbeid, måling m.m.

Dugnad:
Dei som kan tenkja seg å vera med å gjera ein liten eller stor innsats med vårpussen av kyrkjebåten eller rehabiliteringa av naustet, må ta kontakt eller senda meg ei melding. Alt frå nokre timar er av interesse. Alle kan vera med dersom dei vil, arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa. E.post: [email protected], tlf.: 97748093

11/07/2016

Velkomne til rotur på onsdag 13.07. kl. 19.00 frå Meierikaien. Skipper på denne turener Guttorm Torsnes. Medeigar og sjef for Kyrkjebåten på Torsnes.

05/07/2016

I morgon onsdag kl. 19.00 er det ny tur på fjorden med kyrkjebåten. Sist onsdag var eg åleine med eit koseleg par frå Oslo. I morgon reknar eg med at nokre av dei lokale venene og blir med. Fin vermelding!

27/06/2016

Kyrkjebåten er no klar for dei vekntlege roturane kvar onsdag frå kl. 19.00 til om lag kl. 20.00. Oppstart var 22.06. Båten ligg no ved Meierikaien hjå Laila. Bli med du og. Roing er god trening for kropp og sjel.
Er du erfaren seglar eller ynskjer å læra å segla kyrkjebåten, må du ta kontakt med Per Eikeland tlf. 97748093.

15/05/2016

Hei alle vener av Kyrkjebåten i Jondal! Vinteren er for lengst over og ny sesong for Kyrkjebåten står for døra.

Dei som kan tenkja seg å gjera ein liten innsats for Kyrkjebåten i Jondal, kan kontakta Kyrkjebåtens vener så snart som mogeleg! Me gler oss til fine opplevingar på sjøen!

Kyrkjebåtens vener hadde planar om å gje kyrkjebåten ei etterlengta rehabilitering i vinter, men helsemessige problem hjå rettleiaren vår gjorde at me ikkje kom i gang. Det er søkt om tilskot frå Sparebankstiftinga i Hardanger for å kunna gjera noko av arbeidet på fartøyvernsenteret. Me ventar på svar og håpar på tilskot.

Me har fått invitasjon til kyrkjebåttreff i Norheimsund 12. juni på trebåtfestivalen. Per står gjerne som sjefsven ein sesong til dersom minst 5 aktive vener blir med. Dersom me fylgjer opplegget frå 2015, vert arbeidet å dela på ansvaret med tilsyn frå midt i juni til midt i august. Med god plass i båthamna og elektrisk pumpe går det meste av seg sjølv. Skal me gje tilbod om rotur som i fjor, må me dela på "skipperjobben" kvar onsdag frå kl. 19.00 til kl.20.00. Nytt av året bør vera å få til nokre turar med segl.

Helsing Per

11/08/2015

I morgon er siste oppsettet roturen med Kyrkjebåten denne sesongen. Kaptein er Guttorm Torsnes. Nytt høvet til ein fin tur kl. 19.00 frå båthamna i Jondal.

06/08/2015

Det var ei stor glede og ære å få oppleva Kyrkjebåten med fullt mannskap og god stemning. Kaptein + 12 roarar og ein dekksgut. Dette lovar godt for eit aktivt venelag og ein ny sesong. Takk til eit taktfast mannskap. Neste onsdag er siste rokveld med Guttorm Torsnes som kaptein. Sjefsvenen ynskjer lukke til på veg ut i den store verda.

Adresse

Eikevik 1
Jondal
5627

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kyrkjebåten i Jondal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kyrkjebåten i Jondal:

Del