12/04/2025
Litt div. info 🐣🐣
Som sikkert dei fleste har fått med seg minka snøen raskt, og me kan dessverre ikkje tilby skiløyper i løypenettet vårt denne påsken. Det har vore ein mild vinter, og lite snø, men me starta faktisk 19 november. Før jul var det på anleggsveiene, og i Sesilåmitrasèen ein kunne gå på ski.
Og utover i januar, jobba løypekjørarane på, så det blei stadig fleir løyper kjørt, også i terrenget. Så det har vore mykje skiglede og aktivtetet i løypene 🤩 Minner på at mange av utgiftene til løypekjøring er dei same uansett mengde snø, så me håpar at du har betalt løypebidrag 🙏
For dei ivrige, som ikkje slår seg til ro i hytteveggen, er det fortsatt snø i høyden, spesielt innover frå Suleskard. Men følg med på info om sikre iser o.l.
Nå er det faktisk, så å si, tørt og fint på turveien mellom Haugen-Kvæven, og Haugen-Sinnes, Sesilåmitrasèen og Hønedalen.
Og frå 1 april er det BANDTVANG, også der det ikkje ferdes andre folk ❗️
God påske til alle 🐣🐣
#81247