28/10/2015
Idag regnar det så då passar det godt å fortsette turen på Sicilia ....
Etter besøket i den lille grottekirka Santa Maria Rocca,bar det vidare oppover dei grønkledde fjellsidene til neste lille by, Castelmola, med ei 1600-talls borg på toppen og ei fantastisk panoramautsikt over havet, byane, fjella og Etna!
Det står at Castelmola er lista som ein av dei sju vakraste byane i Italia! Seks av dei er på Sicilia!
Men endå var vi ikkje nøgde med opplevingar..vi var gode og mette etter ein artig lunsj oppi fjellsidene, så nedover bakkar og stiar og trapper bar det...ned i Gamlebyen i Taormina som og er eit kapittel for seg! Den bær nok preg av at den er ein turistmagnet, men for nokre piazzaer og romantiske små gater og smug og shoppingmuligheter om du vil...
Men no var gatene nesten folketomme for det var midt i siestaen...og utanom turisttida..... heldig for oss!
Vi langa ut, målbevisst som berre nordmenn kan gjere, og Per i kortebukser....! Folk glodde, og Per vart til og med fotografert av ein mann ,medan dei fine damene gjekk i pels! Hugs det var januar sjølv om sola steikte ...!
Men vi nærma oss målet....det fantastiske utendørs Greske Teater i Taormina. Med DEN plasseringa, og ei panoramautsikt som berre tek pusten frå deg! Havet, byen, Etna med snø på toppen. Det er det største antikke teatret på øya, 109 m.i diameter i og vart byggt i 3 og 2-århundre f.Kr. Men vart ombyggt og forstørra 300 år seinare til til veddeløp og gladiatorleikar. Teatret har flott akustikk og vert i våre dagar brukt til teater/opera og konsertar.
Her kunne ein berre drøyme seg bort til fordums tider og tenkje seg ei framsyning her tre hundre år før Kristus med løver og tigrar og gladiatorar..
Glad for at eg ikkje var der då !
Det vart kveld før vi kom attende til det vakre hotellet vårt...så fulle av inntrykk...at vi var samde om at det hadde vore ein av den mest innhalds- og minnerike dagen i vårt samliv !
Bortsett frå bryllupsdagen vår og fødslar av våre kjære tre barn då... :-)
Dagen vart krona med eit nydelig måltid på rest. " Tiramisu " som om det gjekk an å bli meir opptrekte enn vi allerede var :-)