24/05/2026
I desember 2022 flytta Frode og Erik til Helle, og sidan den gong har dei skapt noko heilt spesielt ved Dalsfjorden 👏🏼🌊
Bak det dei bygger finn vi to menneske med stor lidenskap for både mat, historie, menneske og bygda rundt seg. Frode har lang erfaring frå kokkeyrket, mellom anna frå Hallingstuene, Det Kongelege Hoff og hotellbransjen, og jobbar i dag som assisterande kjøkkensjef ved Førde sentralsjukehus. Han brenn for å skape samhald, løfte fram lokale råvarer og gi både bonden og Askvoll den plassen dei fortener.
Erik jobbar til dagleg som sjukepleiar, og på fritida er han lidenskapeleg oppteken av hage, tradisjonar, kunst, historie og tradisjonsmat. Interesser som i dag er blitt ein viktig del av det dei skaper saman.
Med kjærleik til ekte råvarer, gode smakar og menneskelege møte har dei bygd opp ein plass der mat handlar om langt meir enn det som ligg på tallerkenen.
Om sommaren blomstrar hagen rundt dei, og mykje av det som blir servert kjem frå eigne råvarer, kombinert med lokale produkt frå området vårt. Her står kvalitet, lidenskap og ønsket om at fleire skal få oppleve vakre Askvoll høgt på lista 🌸
No har dei også teke over Klakegghuset, der dei tilbyr både overnatting og matopplevingar. Her kan du ta kontakt om du ønskjer middag til lukka lag, arrangement, overnatting eller catering.
For ei tid tilbake prøvde dei ut eit heilt nytt konsept. Dei la ut 12 bordplassar der ein kunne ta med seg ein venn eller partner, utan å vite kven dei andre rundt bordet var.
Resultatet? Tolv menneske som kanskje elles aldri ville møtt kvarandre sat rundt same bord. Samtalane flaut, historier vart delte, latteren sat laust og fleire gjekk heim med nye bekjentskap.
Det er kanskje akkurat det Frode og Erik skaper. Ikkje berre god mat, men rom for gode opplevingar og ekte møte mellom menneske. Dette gler vi oss til det blir meir av!
Om du er lokal eller på besøk i Askvoll er dette verkeleg ein plass verdt å oppleve ❤️
Kontakt og booking: [email protected]