Skjåk Turløyper

Skjåk Turløyper Her finn du informasjon om ski- og turløyper i Skjåk. Løypeoppdateringar for skiløyper kjem fortløpande.

Skjåk Turløyper SA er ansvarlege for turstigar, skiløyper og sykkelstigar i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløpekøyring. Informasjon om oppkøyrde løyper skal i utgangspunktet vera publisert innan kl 11 i helgene. Det kan kome avvik frå dette, men vi gjer vårt beste for at informasjonen skal kome ut så fort som mogleg.

Sesongens siste løypekøyring med utgangspunkt frå Botn - Åslie og Fjellrotraseen (Billingen) vart gjort i går. Våren er ...
12/04/2026

Sesongens siste løypekøyring med utgangspunkt frå Botn - Åslie og Fjellrotraseen (Billingen) vart gjort i går. Våren er i full anmarsj. Om det skulle kome meir snø, vil vi evt. vurdere å ta ein tur med scooter og sporleggar/slodd.

Det har vore ein spesiell vinter for oss i år, men naturen rår vi ikkje med. Dessverre vart det blant anna ikkje nok snø til å køyre Åsen rundt. Takk for alle som har støtta foretaket og nytta seg av tilbodet denne vintren. Vi ser at bidraget frå brukarar og friviljuge blir mindre år for år. I år ligg vi ca 20 000 kr. bak fjoråret. Vi har forståing for at forholda i vinter har ein medverknad, men hugs at alle bidrag sikrar framtidige tilbod. For neste sesong får foretaket også 100 000 kr. mindre frå kommunen. Om tendensen held fram, vil det sjølvsagt medføre avkorting i tilbodet.

Har du nytta deg av løypene i vinter? Da er oppfordringa klar; eit bidrag til vipps 506023 eller konto 2085.2657554 blir satt pris på!😊

Til slutt: Stor takk til lokalt næringsliv som er med som sponsorar🤝☺️

God andre påskedag! 10 cm nysnø i natt. Fjellrotraseen og Åslivegen er preparert. 0 grader og vekslande sol/snøvær. ❄️🌞
06/04/2026

God andre påskedag! 10 cm nysnø i natt. Fjellrotraseen og Åslivegen er preparert. 0 grader og vekslande sol/snøvær. ❄️🌞

02/04/2026

Løypestatus skjærtorsdag 2.april: Nykøyrd løype Åslie og Fjellrotraseen. Fine utgangspunkt både frå Billingen og Pollfoss. Delvis bart fyrste delen vestover frå Pollfoss, men det blir fort fin løype. ⛷️🌞

Dieseltjuveri på maskina i natt som stod parkert i Eldhisgrenda. Om nokon ser mistenkeleg oppførsel når maskina står parkert, set vi pris på meldingar om det❗️

Grotli, 28.03.2026.Løypekøyring pågår. - Gamle Geirangerveg; Grotli Hotel - Breidablikk er ferdigkøyrd. «Grotli-rundene»...
28/03/2026

Grotli, 28.03.2026.
Løypekøyring pågår.
- Gamle Geirangerveg; Grotli Hotel - Breidablikk er ferdigkøyrd.
«Grotli-rundene» køyres etter kvart.
NB: dersom nokon finn ein powerbank i Grotlivassrunda, blir løypekøyraren (Bruland) svært glad for å få den att. Antageleg mista i området gapahuken, eller «snarvegen/løypa» (vises ikkje på trackingen). Sjå markert på skjermdump.
Vêret er som bilder viser: mykje sol, flau vind/svak vind, ca 0°.

Oppdatert løypeinfo til inngangen av påska: Snøfall har ført til at vi kan levere gode løyper att. Også Bottrunda som ei...
27/03/2026

Oppdatert løypeinfo til inngangen av påska:
Snøfall har ført til at vi kan levere gode løyper att. Også Bottrunda som eigentleg var avskjediga for sesongen er køyrd i dag. Heile nettet Botn - Åslie - Fjellrotraseen - Måsåbakkane er preparert nå i dag 27.3. ⛷️😃 God tur og påske!

25/03/2026

Løypeinfo 25.mars og inn mot påska🌞🐣: Det snør bra i kveld, og venta meir i morgon. Med andre ord - det lovar godt for gode løypemeldingar til påska! Vi avventar nå til været løyer fredag og kjem attende med fersk info da.

Løypestatus 20.mars: Her går det frå vekevis med 25 kaldegrader til varmegrader døgnet rundt. Med rekordlite snø, så tær...
20/03/2026

Løypestatus 20.mars: Her går det frå vekevis med 25 kaldegrader til varmegrader døgnet rundt. Med rekordlite snø, så tærer det fort på. Bottrunda er ferdig for sesongen. Etter Åslivegen er det høveleg bra. Etter Fjellrotraseen er det varierte forhold. I Grotliområdet vart Strynefjellsvegen og mastrunda køyrd i går. Det blir også køyrd vestover frå hotellet til Hamsevika. Vi gjer det vi kan for å ha løypetilbod til trass for forholda. 🌞⛷️

Grotli, 14.03.2026, nykøyrde skiløyper (sjå også GPS-trcking): - Grotlirunda - Grotlivassrunda - Strynsfjellvegen / Mast...
14/03/2026

Grotli, 14.03.2026, nykøyrde skiløyper (sjå også GPS-trcking):
- Grotlirunda
- Grotlivassrunda
- Strynsfjellvegen / Mastrunda
- Gamle Geirangerveg; frå Grotli, vestover 3 km
Delvis skya, svak vind, ca 0°.

Fjellrotraseen og Åslivegen er preparert. Ein liten maskinstopp, men i sving att nå og Bottrunda står for tur. Jamt fine...
14/03/2026

Fjellrotraseen og Åslivegen er preparert. Ein liten maskinstopp, men i sving att nå og Bottrunda står for tur. Jamt fine forhold⛷️❄️🌞

13/03/2026

Løypeinfo fredag 13.mars: uværet har stagnert. I løypenettet Botn-Måsåbakkan har nedbøren kome både som regn og snø, men mest som snø i Billingsdalen. ❄️ Varmegrader og vekslande vær ut dagen i dag, men langt betre melding og kuldegrader att frå i morgon. Vi kjem derfor til å preparere desse løypene seint i kveld eller tidleg i morgon. ⛷️

Adresse

Bismoen

Telefon

+4745473683

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skjåk Turløyper legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Skjåk Turløyper:

Snarveier

Del