23/08/2026
På Vardeneset i Sygnefest, innløpet til Sognefjorden var me ein gjeng I dag som tok imot Ingjerd H. Haarstad Maar og Dan-Willy Harila Sajets i Swim4Fjords.
Fokuset deira på livet langs fjøra i Sognefjorden samstundes som dei er første mann og kvinne som har svømt heile Sognefjorden frå innerst i Skjolden til innløp i Gulen er historisk og beundringsverdig! Takk til Inger Kristin Brosvik som stilte med sveler i dag og til alle som har vore med denne veka og frakta dei rundt på etappane!!
Lykke til vidare med arbeidet til desse to fine og hyggelige folka!!❤️