Stoga

Stoga Ein turist- og kulturkafé i Bygland

Byglandsbygda med tilhøyrande, sett frå 630.
14/08/2026

Byglandsbygda med tilhøyrande, sett frå 630.

Sjelden gjest på ladestasjonen i dag. Berre 18 slike i Noreg. Triveleg eigar.
13/08/2026

Sjelden gjest på ladestasjonen i dag. Berre 18 slike i Noreg. Triveleg eigar.

Stoga scenecamp 2026 - bilete frå ei vandringLaurdag 1. august var det scenekunstvandring i Bygland etter at 12 scenekun...
03/08/2026

Stoga scenecamp 2026 - bilete frå ei vandring

Laurdag 1. august var det scenekunstvandring i Bygland etter at 12 scenekunstnarar hadde arbeidd her i ulike lokaler i ei veke. Stoppa var Friviljugsentralen, Symjehallen, Kulturscenefoajeen, Kulturscena, Ungdomshuset og Årestoga i rekkefylgja nemnd på plakaten.

Stor takk til kunstnarane for dette, for eit genuint interessera publikum og for praktisk hjelp med lokalar frå driftige og raske folk frå Drift og Forvaltning i Bygland kommune, når praktiske spørsmål kom på bana i siste liten.

Og takk til Agder Fylkeskommune - kultur, for støtta til dette unike prosjektet, som koblar tomme og spanande lokalar i Bygland, med kreative og energiske scenekunstnarar, dei fleste frå Oslo-området.

Dette var ein fest og oppvisning i scenekunst. Noko å la seg inspirera av på den eine og andre måten.

12 scenekunstnarar rundt forbi i Bygland laurdag 1. august kl. 15, med ting dei har jobba med her denne veka. Tilmelding...
31/07/2026

12 scenekunstnarar rundt forbi i Bygland laurdag 1. august kl. 15, med ting dei har jobba med her denne veka. Tilmelding framleis ikkje heilt umogleg. Aldri sett noko slikt. Tiltaket er støtte av Agder Fylkeskommune - kultur.

7 grøne telt utafor Stoga kor det søv 5 dansarar, 1 trommeslagar,  5 skodespelarar og 1 instruktør. No har fleire a dei ...
29/07/2026

7 grøne telt utafor Stoga kor det søv 5 dansarar, 1 trommeslagar, 5 skodespelarar og 1 instruktør. No har fleire a dei morgonbad i fjorden, snart kjem dei til frokost, og så går dei kvar til sitt og øver på ting dei skal vise på Scenekunstvandringa her i nabolaget kl 15 på laurdag. Gratis visning av 5 ulike arbeidsproduksjonar. Meld deg på her https://fb.me/e/43gbbw7iX

23/07/2026

Det har vore hektisk til tider her i Stoga i sumar, så då har det vore høveleg å være tvo. No har me òg fått logoen åkkos digitalisera og inn på våre lilla skjorter, takka være Rina Barikmo Au og åkkos eigen stogekonsulent.

Elles er det Mari som jobber her i sumar, og til helga er det Tuva. Framleis ope kvar einaste dag 11-17 til midten av august.

Adresse

Presteneset 10
Bygland
4745

Åpningstider

Mandag 11:00 - 17:00
Tirsdag 11:00 - 17:00
Onsdag 11:00 - 17:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 17:00
Lørdag 11:00 - 17:00
Søndag 11:00 - 17:00

Telefon

+4790665459

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stoga legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stoga:

Snarveier

Del