07/05/2026
No nærmar lanseringa av den nye nettsida seg verkeleg!🎉
Det er mykje som skal på plass med både informasjon, innhald, bilete og mykje meir, men vi håpar å kunne publisere allereie neste veke. Då ligg alt til rette for ein flott start på sommaren for alle som besøker Fitjar.
Vi ynskjer å rette ei stor og hjarteleg takk til alle som har vore med og støtta prosjektet økonomisk. Den gode viljen og engasjementet frå lokalt næringsliv og organisasjonar betyr utruleg mykje for oss, og gjer at vi no endeleg kan kome i mål med den økonomiske delen av prosjektet.
Dei siste bidraga som har gjort dette mogleg å gjennomføra er Fitjar kommune, Sunnhordland kraftlag As, Fitjarfestivalen, Fitjar Fjordhotell og Larsen Eiendom!
Tusen takk til kvar og ein som har bidrege — no kan vi snaaart vise fram den nye nettsida! 🤩