Innvik Fjordhotell Misjonsheimen

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen Vi vil legge ut informasjon om arrangement og hendingar.

Alle velkomne til sommar-buffet ved Innvik Fjordhotell.
03/07/2026

Alle velkomne til sommar-buffet ved Innvik Fjordhotell.

Da er ny varmbuffet på plass i matsalen på Innvik Fjordhotell.STOR TAKK til Støtteforeinings for Misjonsheimen som spons...
03/06/2026

Da er ny varmbuffet på plass i matsalen på Innvik Fjordhotell.
STOR TAKK til Støtteforeinings for Misjonsheimen som sponsa oss med dette.
Vi er svært takksame.
Helsing oss på hotellet.

Tenkte eg ville skrive litt om kva vi "styrer" på med på hotellet.Vår/tidleg sommar har vore prega av fleire større helg...
31/05/2026

Tenkte eg ville skrive litt om kva vi "styrer" på med på hotellet.
Vår/tidleg sommar har vore prega av fleire større helgearrangement der vi blandt andre hadde besøk av Synnøve Aanesen ( på bildet).
I tillegg har vi hatt fleire klubbemiddager, ein International kveld og mange både små og større selskaper. Vi har hatt konfirmasjonsselskap for konfirmantar både fra Innvik , Utvik og Breim. 17 mai buffeten vår var veldig godt besøkt.
Det er og alltid triveleg når "gjengen" i kaffikroken kjem innom på føremiddagen.

Vi på hotellet er takksame for alle som legg turen innom oss.
Vi har hatt dugnad der ein god gjeng stillte på. Da fekk blandt anna terrassen eit nytt strøk beis :)

Vi går no inn i ein periode der besøk av bussgrupper og andre turister vil beslaglegge store deler av tida vår.

Men vi vil kome tilbake til hausten både med ulike helgearrangement og andre tilstellingar.

Kaffikroken er åpen kvar dag fra 11.00 til 13.00 heile sommaren.
Her er høve til å få seg ein kopp kaffi med noko attåt.
Helsing oss på hotellet.

17/05/2026

Hjarteleg takk til alle som kom og åt 17-mai buffet på hotellet i dag. Håper de alle hadde ei god god stund.
Helsing oss på hotellet.

15/04/2026

Minner om siste klubbemiddagen på hotellet før sommaren 23. april kl 15-18. Velkomne.

15/04/2026

Evangelisten- helga er fullbooka. Vi er veldig glad for det. Viss nokon av dykk som meldte dåkke på til årets helg i fjor ser at de ikkje kan komme, er det fint om det gjev beskjed om det slik at andre kan få plassen.

27/02/2026

Kaffikroken startar opp att måndag 2. mars.

OPEN KAFFIKROK på Innvik fjordhotell
(måndag-fredag)
NB! Ny tid: kl. 11.00-13.00
Velkomne!
Kaffi kr 30,-
Kaffimat kr 30,-

Helsing oss på hotellet

Hugs bordbestilling
20/02/2026

Hugs bordbestilling

Vi startar opp etter vinterstenginga med eit nytt arrangement. Her får du ein stor buffet med mat frå Filippinene, Ukraina, Litauen, Latvia, Chile m.m. I tillegg får du song og musikk, vel verd å høyre på. Håpar mange finn vegen til hotellet første fredag i mars. Velkommen!

Vi startar opp etter vinterstenginga med eit nytt arrangement. Her får du ein stor buffet med mat frå Filippinene, Ukrai...
19/02/2026

Vi startar opp etter vinterstenginga med eit nytt arrangement. Her får du ein stor buffet med mat frå Filippinene, Ukraina, Litauen, Latvia, Chile m.m. I tillegg får du song og musikk, vel verd å høyre på. Håpar mange finn vegen til hotellet første fredag i mars. Velkommen!

12/12/2025

Vinterstengt!
I dag er siste dagen før vinterstenginga. Vi opnar igjen 1. mars, med ny dagleg leiar.

Vi er heile tida å treffe på telefon, og svarar på e-post dei fleste dagane.

Om nokon har fat el. likn. som vi har levert catering på, så er det fint om dei blir tilbakelevert så snart som muleg.

Vi ønskjer alle ei velsigna julehøgtid, og eit riktig godt nytt år!

Adresse

Gamlevegen 21
Innvik
6793

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Innvik Fjordhotell Misjonsheimen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Innvik Fjordhotell Misjonsheimen:

Snarveier

Del