18/09/2026
Områda kring Raubergstulen er eit haustens eventyrland- med bugnande 🫐blåbær-og tytinglyng krinsa av fargesprakande Jotunheim-fjell.
Her kan trippande føt vandre på lettkupert sti mot utkikkspunktet 📍Knippen (993 moh).
📈 Ca 6 km tur-retur frå Raubergstulen (1000 moh.)
⏱️ 2-3 timar ↔️
👀 Frå Knippen har du nydeleg utsikt innover Visdalen og Leirdalen, samt over Bøverdalen mot Breheimen.
🍁 Og haustfargane er nå på sitt vakraste!🤩
Denne turen kan du òg gå frå Røisheim Hotell - nedst i dalen. Da følgjer du den gamle ferdselsvegen til Galdhøpiggen, som vart nytta for dei fyrste turane til Noregs tak, frå 1800-talet!
🧡