Whether you're seeking peace or adventure, you'll find everything you need at Oldevatn Camping💛
Relax in beautiful surroundings or explore nature through exciting activities! Oldevatn Camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet, omkransa av stupbratte fjell, glitrande isbrear og majestetiske fossar. Oldevatnet er kjent for å vere eit godt fiskevatn. Så kanskje skal du ta med fiskestanga for å prøve
fiskelukka? Ingen middag er vel betre enn sjølvfiska ørret eller røye på grillen. Oldevatn Camping er også eit fint utgangspunkt for turar både i fjellet og ved kysten i Nordfjord. Vi har turkart for Oldedalen til sals i resepsjonen, og gjev deg gjerne tips om kva turar vi synast er ekstra fine. I enden av Oldedalen, 12 km forbi Oldevatn Camping ligg den berømte Briksdalsbreen. Hit kan du køyre med eigen bil, eller gå på bussen berre få meter frå campingplassen. Kanskje freistar også shopping, rafting, helikoptertur, brevandring, eller eit museumsbesøk på bremuseet? Alt dette ligg innanfor rekkevidde for eit dagsbesøk. Det er også godt å berre vere iro på plassen. Vi har gratis utlån av syklar, robåtar og kanoar, samt utleige av trøbåt for 25,- per time, så det skal ikkje mangle på ting å finne på. Gratis trådlaust internett på heile plassen.