26/11/2025
Årets juletur med julecruise, julebord, julemarked, julegløgg, julestemning og masse koselige julegjestar er vel gjennomført. 🎅 Julebord nr. 1 vart fortært på koselige Klækken hotell. 🍨 Her vart me tatt imot av ein hyggelig resepsjonist. For ikkje å snakke om den sprudlande servitøren, som sprita opp stemningen i spisesalen. 😀 Ikkje lett å begrense seg, med så masse godt på julebordet. 🎂🍰🧁 Me spanderte på oss ein sightseeing 🚍 i Oslobygda, før avreise med Color Magic til Kiel. ⛴️ Denne kvelden hoppa me bukk over julebordet og nytte ein 2 retters. 👍 Avslutta kvelden med bobler og eit fantastisk show. 🍾 Tidlig kveld for å vere klar til mandagens happening, "Kieler Weihnachtsmarkt".🎄Ein julepynta Kiel tok imot oss ✨️ og julemarkedet var klar til å by på Glühwein med eller uten alkohol 🥃, Wurst av beste sort og dei himmelske hollandske Poffertjes (pannekaker) med smør, eggelikør og eit melisdryss. 🍪 Kan ein ha det bedre? 🧑🎄🎅🤶 Landliggen i Kiel gjekk like fort som € i shoppingsenteret Sophienhof. 💰 Farvel til Kiel vart tatt på dekk 15 med nydelig utsikt ut Kieler Förde. 👓Julebord nr. 2 vart gjennomført i Grand Buffet Restaurant. 🍜 Bildene talar for seg. 👏 Her mangla ingen ting. Nytt show og meira bobler vart avslutning på ein fullspekka dag der opplevelsane stod i kø. 🥂 Og været, ja, det var som bestilt, både over Hemsedalsfjellet og ikkje minst over Kattegat. 🌞 -15 kalde grader i Hemsedal. ❄️ Takk for turen til alle som var med. Me lever lenge på juleturen 2025. 🥰