05/07/2024
Noen ferie-betraktninger fra Synnøve:
«Det er den Draumen me ber på»
Et kjent norsk dikt byrjar slik.
Det er den draumen me ber på.
At kjelder skal opna seg….
Å segle er for mange ein draum.
Her på havet seglar folk i flokk og følge.
Dei me ellers aldri vinkar til skal me vinke til og helse utførleg på medan me seglar forbi.
Å hjelpe kvarandre er berre slikt ein gjer.
Det må vi, for det kjem ingen fastbuande springande med korkje tau eller toalettpapir om det trengs, spesielt ikkje i uthavn. Når ankeret har sett seg fast og ein spinn rundt eigen akse var det godt at vi vinka og helste i aust og vest.
I går natt her i Risør var ei natt teke ut or det nye testamentet. Uværet herja. Me låg nederst i båten og sov.
Husbond hadde taua oss fast og fendere var på plass i rikt monn. Båten er 45 fot og havet drylte like mange fot inn mot brygga sidelengs. Det knaka i tau og fortøyningar. Mastene slår og vi er glad vi ikkje har ein båt liggande knytt saman på oss. Værmeldinga var heilt presis og 0320 opna himmelen seg og det fossa vatn ned.
Det lak litt frå masta, men det visste vi om og satt berre ut ei bøtte. Så la vi oss igjen. Og sov i båten. Medan det gynga. Det er fint å sove når det gynger. Det er verre å stå opp. Sette sjøbein og prøve å få på seg kleda. Holde seg i alt og gå framover. Husbond sjekka fendere.
Dyvåt men lukkeleg. Det er mange menn som patruljerer brygga. Knyt og knyt omatt. Håpar at det held. Brygga ser ut som Samvirkelaget på 60 tallet. Menn i all slags klede som snakkar saman med snåle sjølvlysande plagg på hovudet. Mannen min strålte av glede då han pakka opp den knall gule sydvesten frå RS.
Så det var godt den vart brukt. Han såg ut som ein stor barnehage unge, ein sånn du er redd for å miste på tur.
Å ete frukost medan du held på både glas og tallerken, rundstykke, vannflaska og pålegget er utfordrande. Det rullar avgårde. Å hjelpe sin neste likeså. KUN halvt glass, lille venn, alt skvulpar. Nokon sitt i cockpiten grunna kvalme. Andre legg seg ned på sofaen. Nokon held seg fast i bordet og forsøker å telje kor mange ganger i minuttet vi kan sjå fendere i vinduet.
Mismotet kjem. Ei svigerinne sender snap frå syden. Dei har sol. Og dei held ikkje på tallerken sin. Det er stiv kuling. Norsk sommar. Eg tok med badetøy, men eg veit eg ikkje kjem til å bruke det. Eg gløymde regnklede til meg sjølv! Og boblejakkka. Og støvlane.
Kvifor gidd me taue oss fast? Kvifor gjere dette? Alt verkar meiningslaust. Så nærmar klokka seg 11. Og som om Jesus hadde sagt det løyer vinden. Den pustar liksom ut, gir opp. Bølgene rettar seg. Det sluttar å regne. Solglimtet kjem. Folk kjem ut av båtane. Borna. Kjæledyra. Nærbutikken fyllast opp, alle må handle.
Ei halv natt og ein heil formiddag kjennes i kroppen. Jenta vår er forkjøla og må sove.
Guttane er så store at dei kan leike i gata. Vi stiller oss dei store spørsmåla. Kva er ferie?
Definisjonen er nok berre å gjere noko anna enn det vanlege. Og det gjer vi jo. På mykje mindre areal. Det er like mange måltid. Likevel klesvask. Absolutt oppvask. Vi MÅ vaske golv og bad når det ikkje er kuling ute. Men orkar vi?
Alle er svoltne. Vi et mindre merkar vi, underveis. Vi drikk mindre. Det er noko heile tida. Så når guttane ber om den tredje porsjonen med tomatsuppe, nykokt egg og fersk brød så senkar harmonien seg. Knutsen og Ludvigsen er på tv. Nokon kan sangane og syng med.
Yngstemann legg seg mett og god, tørr og varm. Eg vaskar beina hans før eg bærer han i seng, dei var litt klamme.
Dei eldste spelar ord-spel og knekk saman i latter over ord og stader som knapt finns. Brått er ikkje golvvask brysamt. Det freistar. Etter to timar luktar det grønnsåpe på dekk.
Me fyller vanntanken. Ser på kveldsrøden. Skya som likna på Bjørnstjerne Bjørnson, med hår og skjegg. Tenner lyset på bordet.
Å segle er å sjå ungane mestre meir enn i fjor.
Det er å sjå landskapet opne seg.
Det er å vakne ein plass du aldri har vore før og kaskje aldri skal vakne på igjen.
Det er å sjå kysten frå sjøsida, slik dei gjorde før alle fekk bil og det gjekk båt og ferje til nesten kver ei hamn.
Å segle er å fortøye i indre hamn og ankre opp det vi treng, kanskje på «Ths Juells Efterfølger».
Å segle er å elske sjøen og hate bølgene.
Å segle er å sjå barnet ditt evne noko du aldri kunne då du var 16. Det var kanskje det diktaren meinte med at «kjelder skal åpne seg». Å sjå ungdommen sette segl, slå bom, kaste ut fendere og knyte dei fort som fy før ho fortøyer 45 fot saman med far sin medan lillebror skråler nede i båten fordi det er dopapirkrise akkurat NÅ!
Å segle er ikkje ein fritidssyssel. Det krevs mykje jobb, kunnskap og ferdigheter. Vi må orke og gidde når kva som helst krev det. Det er ein livsstil du må velge om du vil ha alt det andre på kjøpet. Soloppgang og solnedgang. Morgenkaffe på badeplattformen i Kragerø og kveldsmat i Risør. Stille bukter. Smale leier. Kystbyer og stader som perler på ei snor.
Og ja. Innimellom må du stole på at Jesus stiller stormen når været kjem og at fortøyninga held.