Stadt Naturguiding

Stadt Naturguiding Stadt Naturguiding Vi tilbyr guida fotturar på Stadthalvøya med innlagt kulturopplevingar. Om det er ynskjeleg ordnar vi og med transport.

Turane er varierte og passar for dei fleste. Ynskjer du mat og overnatting samarbeider vi med andre. Priseksempel:
Guida tur 3-4 t for minimum 6 pers kr 350 pr.pers. For større grupper be om tilbud. Vi har og påmeldingsturar som vert annonsert.

Ikkje spøk å gå tur på Stadt når ein held på å blåse vekk 💨Men kva gjer ein ikkje når det er 18 gr og opplett 🤩Tove Bjør...
13/08/2026

Ikkje spøk å gå tur på Stadt når ein held på å blåse vekk 💨
Men kva gjer ein ikkje når det er 18 gr og opplett 🤩
Tove Bjørlykke Torhild Hansen

Blå himmel og blått hav så langt vi kan sjå 💙 Alle minner om grått og vått er som blåst vekk 🤩
05/08/2026

Blå himmel og blått hav så langt vi kan sjå 💙
Alle minner om grått og vått er som blåst vekk 🤩

Rota meg på tur til Rothaugane og Langedalen i dag 😎 fin liten tur når skrotten ikkje er heilt på lag 💛
09/07/2026

Rota meg på tur til Rothaugane og Langedalen i dag 😎 fin liten tur når skrotten ikkje er heilt på lag 💛

No vert det kongelege tilstandar igjen på Kongevegen 💚Flott tiltak!
30/06/2026

No vert det kongelege tilstandar igjen på Kongevegen 💚
Flott tiltak!

06/06/2026
STAD SKIPSTUNNEL!
29/05/2026

STAD SKIPSTUNNEL!

🇳🇴Nor + vegen🇳🇴 Vegen mot nord

Langs kysten gjekk den første riksvegen. Framleis er sjøtransporten sjølve ryggrada i mykje av norsk verdiskaping. Fiskeri, havbruk, industri og eksport er avhengige av ein trygg og føreseieleg kyst.

Likevel aksepterer vi at eitt av dei mest vêrutsette punkta langs denne hovudåra framleis fungerer som ei flaskehals. Debatten om Stad skipstunnel blir ofte redusert til spørsmål om kostnader, trafikkgrunnlag og minutt spart. Men det er eit altfor snevert perspektiv på kva moderne infrastruktur faktisk handlar om.

🎯 For næringslivet handlar dette først og fremst om regularitet, tryggleik og føreseielegheit.

🙏🏻 Infrastruktur handlar ikkje berre om å kome raskare fram. Det handlar om å kunne stole på at transporten kjem fram.

For fiskeri og havbruk kan forseinkingar få store konsekvensar. Ferskvarer er avhengige av stabile logistikkjeder og sikre leveransar. For reiarlag og maritim næring handlar det om tryggare operasjonar, mindre risiko og meir effektiv drift. For eksportindustrien handlar det om konkurransekraft og stabile transportliner til marknaden.

Dette er ikkje teori. Dette er den operative verkelegheita langs norskekysten.

I ei tid prega av geopolitisk uro, sårbare forsyningsliner og behov for større nasjonal beredskap, blir også sjøtransporten viktigare. Når veg og bane blir stengde eller utilgjengelege, er det sjøvegen som held transporten i gang. Då må infrastrukturen fungere.

💡 Alle politiske parti har ei målsetjing om at meir gods skal flyttast frå veg til sjø. Det er ei riktig og nødvendig utvikling. Sjøtransport er både energieffektiv og klimavennleg samanlikna med transport på land.

🤞🏼Men då må vi også vere villige til å investere i infrastrukturen som gjer dette mogleg.
💡💡Det er nettopp her Stad skipstunnel kjem inn.

Dette handlar ikkje berre om dagens trafikk. Fleire maritime aktørar står klare til å satse dersom det blir mogleg å etablere meir føreseielege og robuste ruter langs kysten. Potensialet ligg ikkje berre i kva som går gjennom Stad i dag, men i kva som kan utviklast når infrastrukturen faktisk legg til rette for det.

🏆 Det er slik strategisk infrastruktur alltid har fungert. Vi byggjer ikkje berre for behova vi har i dag, men for moglegheitene vi ønskjer å skape i framtida.

På land ville vi aldri akseptert at ein av landets viktigaste transportårer jamleg stengde på grunn av vêr. Langs kysten har vi levd med det i generasjonar. Stad skipstunnel handlar derfor ikkje om symbolpolitikk eller regional identitet.

Han handlar om maritim infrastruktur, beredskap, grøn omstilling og framtidig verdiskaping langs norskekysten.

Skal sjøvegen også vere framtidas transportåre for næringsliv, eksport og beredskap, må vi investere i den maritime infrastrukturen som gjer det mogleg.

Stad skipstunnel handlar ikkje om fortida.

Han handlar om kva slags kystnasjon Noreg skal vere i framtida.

27/03/2026

🚶‍♂️‍➡️Bli med å opne våre gamle ferdselsårer!

14. april ønskjer Stad kommune velkomen til oppstartsmøte om rydding, merking og tilrettelegging av historiske vegar i Selje!

Alle er velkomne til møtet!

Adresse

Stadt Naturguiding, Øvre Stave 10
Selje
6750

Telefon

+4741513473

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stadt Naturguiding legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Stadt Naturguiding:

Snarveier

Del