19/09/2026
Ukas turtips er Bjørgefjell🍁
🚶Turlengde: 4-10 km
🔴Middels/krevjande tur
⏱Tid: 1,5 – 3 timar
Til Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar. Du kan velje å starte nede ved Bjørge Besøksgard eller køyre eit stykke opp mot Grunningsdalen. Startar du ved Bjørge-gardane er det eit stykke og gå. Nedre del av løypa er lett til middels gradert, medan turen opp til toppen på Bjørgefjell er meir utfordrande og bratt. Vel du å køyre inn mot Grunningsdalen er turen enklare og kortare. Uansett kva for løype du vel så kan toppen by på fantastisk utsikt over Seljord!🤩
📷 Hamish Moore