Sognefjelltunnelane

Sognefjelltunnelane For alle som ønskjer å følgje og fremje veg og tunnelprosjektet Sognefjellstunellane. Større grunnlag for vekst i utkantkommunar som har auka fråflytting.
(13)

Veg og tunnelsamband mellom Lom, Årdal og Luster kommune (mellom Stavanger/ Bergen og Trondheim). Nokre av mange fordelar er:
Sikker heilårsveg, kortare rute og ferjefritt samband mellom Bergen og Trondheim. Gjere området meir attraktivt for bedrifter å kunne etablere seg. Store miljømessige fordeler med denne vegen. Admins:
Terje A. Gudmundsson (kontaktperson for denne sida)
Malvin Stenehjem
Odd Atle Stegegjerdet
Mari Beate Kleiven

God Jul og Godt Nyttår til alle som støttar Sognefjelltunnelane. Kanskje får me realisert prosjektet vårt ein gong i fra...
20/12/2023

God Jul og Godt Nyttår til alle som støttar Sognefjelltunnelane. Kanskje får me realisert prosjektet vårt ein gong i framtida. Skal me lukkast må alle stå sammen om å prioritera dette på topp, både på vest sida og på aust sida av fjellet.🎄🎅🏽🇳🇴 Innlegg av Malvin Stenehjem.

31/08/2023

KVA SKAL DU RØYSTE PÅ?

Me går ei spanande tid i møte, no som kommune og fylkestingsval står for døra.

Det er ikkje einkelt for mange å gjere eit val, for det finst gode saker i dei fleste leirar.

Håpar på at flest mogleg nyttar stemmeretten sin og stemmer på parti som ønskjer å arbeide for Sognefjellstunnelane, for det er ingen sjølvfølge. Sjekk gjerne med kandidatane dine td i Luster, Årdal, Lom og Sogndal kommune om det er nokon der, før du avgjer di stemme.

Håpar at me etter valet kan danne ei god gruppe med folk (uavhengig av parti), som kan løfte dette prosjektet vidare. Det er ikkje enkelt, men om me ikkje prøver kan me heller ikkje lukkast.

Sjølv veit eg at me i Luster Høgre er klare for å løfte dette opp og fram.

Ha eit godt val so snakkast me etter valet 😀

Mvh
Terje Anton Gudmundsson

Ein Sommar helsing til dei som har støtta Sognefjelltunnelane. Nye argument for tunnelane er, styrking av forsvaret vårt...
25/07/2023

Ein Sommar helsing til dei som har støtta Sognefjelltunnelane. Nye argument for tunnelane er, styrking av forsvaret vårt med rask flytting av militært utsyr mellom landsdelane i krise eller krig og som tidlegare utalt, er det aktuelt med kraftkablar gjennom tunnelane som blir meir miljøvennleg og økonomisk. Eg tek eit lite tilbakeblikk . Etter at kommunane Luster, Årdal og Lom starta å samarbeida om å få realisert prosjektet først gjennom ein KVU at det vart god framdrift. Sogn Regionråd og i Sogn og Fjordane fylke og innspel til regjeringa. Tilsetting av ein erfaren prosjektleiar Jan Øhlchers. Gjennom god innsats frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Sogn og fjordane kom saka på den borgarleg regeringens bord og samferdselsministar Solvik Olsen ville plassera den i utredninga om aust vest samband, den er i hovudsak nord sør samband Bergen-Trondheim 8 timar køyretid. Sognefjelltunnelane fekk tomelen ned, eg meinar dei bruka svært låge trafikk tal for å skrinlegge prosjektet. Her hjå oss i fylke var det folk som ikkje ville ha anna fokus enn kravet om tunnel under Hemsedalsfjellet RV52, det var til å med nokon som drøymde om bru fodnes-Mannheller RV5 til svært mange milliardar kroner. I Gudbrandsdalen var det også skepsis til at dette kunne innverka på den viktige bygginga av Ev6. I vårt gamle fylke var berre Arbeidarpartiet som stod igjen å støtta Sognefjelltunnelane. Korleis kan me læra av dette om me i framtida skal få realisert Sognefjelltunnelane. Dette er mitt subjektive litt korte tilbakeblikk. God Sommar!
Innlegg av Malvin Stenehjem.

20/12/2022

Me skal blåse liv i dette att. 💙 Inviterer alle positive sjeler i å vere med. Kom gjerne med innspel på korleis me bør starte arbeidet. Mvh Terje Anton Gudmundsson

19/12/2022

God Jul og godt nyttår til alle som har vore med på å støtta Sognefjellstunnelane🌲🎅me har eit godt prosjekt, kanskje blir det realisert ein gong i framtida👍innlegg av Malvin Stenehjem.

30/12/2021

Godt Nyttår til alle som støttar prosjektet Sognefjellstunnelane, dessverre lukkast me ikkje med å få fram dette gode prosjektet. Kanskje ein gang i framtida vil det bli realisert!
Innlegg av Malvin Stenehjem.

07/07/2021

God sommar til alle som støttar prosjektet sognefjellstunnelane, eg trur sognefjellstunnelane er eit godt prosjekt som kunne binde samma E16 med E6 ein ferje fri veg Bergen-Trondheim og forbiding mellom Vestlandet med det nordlige Austlandet. Men dessverre er det ingen politisk vilje no for å realisere dette, men kanskje i framtida.
Innlegg av Malvin Stenehjem.

20/12/2020

God Jul og Godt Nyttår til alle som støttar Sognefjellstunnelane!🎄Det har ikkje lukkast å få ein KVU enno, sist føreslege i transport komiteen på Stortinget i 2018, men desverre ikkje flertall for å bruka 3 milionar på ein KVU. Det tek svært lang tid å få realisert store prosjekt i Norge. Stad skipstunnel tok det 50 år før første løyvinga kom. Me har eit svært godt prosjekt med eit stort potensiale, som kan bli aktuelt i framtida igjen.
Innlegg av Malvin Stenehjem.

05/12/2020
02/04/2020
02/04/2020

Hei godt folk,

Kanskje vi burde "kaste lys og børste støv" over veg og tunnelprosjektet Sognefjellstunnelane?

Det mykje omtala E39 sambandet mellom Bergen og Stavanger er viktig, men me må ikkje gløyme den vèrsikre snarvegen (Sognefjellstunnelane) mellom Bergen - Trondheim.

Kva meinar du? Korleis kjem me igang? Aktive ressursar?
Politisk velvilje? NTP?

Del gjerne.

Innlegg av: Terje Anton Gudmundsson

23/12/2019

God Jul og godt Nyttår til alle som støttar prosjekte Sognefjellstunnelane. Så langt har me ikkje lukkast å få realisert ein KVU, på grunn av manglande politisk støtte. Ein gong i framtida kan det på nytt bli aktuelt, eg meinar at potensiale til å bygga landsdelane saman burde realiserast.
Innlegg av Malvin Stenehjem.

17/12/2018

God Jul og godt Nyttår til alle som støttar Sognefjellstunnelane! Det har hendt lite det siste året, når regional transport plan(RTP) skal til revisjon i 2020/2021 då kan det vera mogeleg å fremma kravet om ein KVU for å få fram potensiale med å knyta E16 saman med E6. Det tek tid å få realisert store prosjekt, men me kan ikkje gi opp, kanskje me vinn fram i framtida!
Innlegg av Malvin Stenehjem.

02/03/2018

Årsmøtet i Årdal Arbeidarparti hadde vedtak om Sognefjellstunnellane: Arbeiderpartiet vil at Årdal kommune skal ta kontakt med Luster og Lom med tanke på å laga ein ny strategi, slik at Sognefjellstunnellane kan få ein KVU inn på NTP i framtida. Sognefjellstunnellane er eit godt prosjekt og me kan ikkje gi opp sjølv om det kan gå mange år før me vinn fram. Innlegg av Malvin Stenehjem.

05/07/2017

Me vil ynskja alle som støttar Sognefjellstunnelane ein god sommar. No er det 2270 som fyljer denne sida, me ynskjer å få ein KVU inn på NTP, når regional transport plan skal behandlast i fylkestinget i Sogn og Fjordane i september, då rekknar me med at dette er med. Håpar også at Oppland tek liknande initiativ. Inlegg av Malvin Stenehjem.

12/03/2017

Sogn og Fjordane Arbeiderparti vedtok i helga å arbeida vidare med å få til ein KVU inntatt på NTP (Norsk transport plan) og håpar også at dei andre partia kan klargjera sitt standpunkt i valkampen framfor Stortingsvalget.
Innlegg av: Malvin Stenehjem.

06/03/2017

Sognefjellstunnelane er eit framtidsretta og godt prosjekt med eit stort potensiale til ein relativt låg kostnad, det har vore estimert 7-8 mrd. kr. noko som er langt rimeligere enn ein av fjord kryssingane som er foreslegene. Dette vil knyta E16 med E6, dei 2 tunnelane er estimert til å ha ein stigning på 1 og 3% som er vigtig for nærings transporten og miljøvenlig transport. Ein KVU inn på NTP vil finna ut potensiale i prosjektet Me vil ha Sognefjellstunnelane inn i valgkampen til hausten, då får partia høve til å klar gjera sitt standpunkt til prosjektet.
Innlegg av: Malvin Stenehjem.

20/12/2016

Ynskjer god jul og godt nyttår til alle som støttar Sognefjellstunnelane. Slik det ser ut no, har det vore 4 tapte år for prosjektet. Nokon var redd for at å fremma KVU for Sognefjellstunnelane skulle skada framlegget for å velga Hemsedals fjellet Rv52 som aust/vest alternativ mot Oslo. Eg trur at Sognefjellstunnelane hadde styrka alternativet og E16 frå Voss. Me vil ha Sognefjellstunnelane inn i valgkampen til hausten, då får partia høve til å klar gjera sitt standpunkt til prosjektet.
Innlegg av: Malvin Stenehjem.

15/06/2016

I dag måtte me godta ei fråsegn frå Fylkestinget til NTP der KVU for Sognefjellstunnellane ikkje er med.. Dette er slett ikkje noko me ønskjer, men etter at representantane frå Arbeidarpartiet har blitt stemt ned på dette både i Samferdsleutvalet og Fylkesutvalet med argumentasjon om at dette kunne setja valet av RV 52 over Hemsedalsfjellet som nordleg hovudsamband aust-vest i fare, vel me å setja nytt trykk på saka så snart valet av hovudsamband er gjort.
Odd Atle Stegegjerdet

31/05/2016

NO MÅ SENTERPARTIET I SOGN REAGERA: FÅ FYLKESUTVALET I SOGN OG FJORDANE I MORGON TIL Å FÅ PÅ PLASS ATT KVU FOR SOGNEFJELLSTUNNELANE. Samferdselsutvalget i Sogn og Fjordane seier NEI TIL SOGNEFJELLSTUNNELANE: SP representanter Sigurd Reksnes, Arnstein Menes og Gunn Sande seier nei til KVUen,

Arbeiderpartiet representanter Harald Bjarte Reite (f.v.) og Helen Hjertaas i Ap fekk ikkje Sigurd Reksnes, Arnstein Menes og Gunn Sande i Senterpartiet med på ta med Sognefjellstunnelane i NTP-fråsegna.

Eg reknar med att dette var eit feilskjær frå Senterpartiet, Ordførar Kvalen her har du ein jobb å gjera, skal me lukast med å få bygd Sognefjellstunnelane må me ha støtte hjå våre eigne.

04/05/2016

Eg les i Sogn Avis i dag at Norvald Hovland skriv at Luster har 160 GWH konsesjons kraft som dei ikkje nyttar sjølve og dette kan vera med å del finansera tunnelen til Årdal. Sjølv om dette ikkje går, så er alle lokale initiativ posetivt for å få fart på prosjektet. Innlegg av Malvin Stenehjem

29/03/2016

Sognefjellstunnelane er eit godt samferdsels prosjekt, det vil folk sjå om dei klarar å sjå landet utover det lokale perspektiv. Med valet av Hemsedal som alternativ Bergen-Oslo, vil Sognefjellstunnelane komma styrka ut som eit trygt og rimelig og det kortaste alternativ Bergen -Trondheim. Kopla E16 til ein godt utbygd E6 vil oppna for styrking næringslivet i heile Sør Norge. Derfor bør alle som kan, påvirka framover til Stortingsbehandling og gi oss ein KVU. Innlegg av Malvin Stenehjem.

04/02/2016

Samferdselsdepartementet seier nei til oppstart av ein KVU. Dei grunna det i at det er for lite trafikk grunlag i forhold til storleiken på investeringa. Dette meinar eg er feil, denne vegen er den kortaste og tryggaste vegen Bergen-Trondheim og spesielt no når E16 blir utbetra til Voss og dersom også Hemsedal blir valgt som stamveg vil Sognefjellstunnelane bli enda meir aktuell for trafikk nordover. Den vil oppna for Turismen mellom Sogn og Fjordane og Indre Austlandet. Eg undra med på kvifor dei ikkje klarar og sjå potensiale. Men som Ordførarane i Luster og Årdal seier me gjer ikkje opp, dette må me få til. Innlegg av Malvin Stenehjem.

31/12/2015

Godt Nyttår til alle som er med å støtta bygginga av Sognefjellstunnelane!
I vinter skal NTP diskuterast i Stortinget, då kan det bli vedteke å starta ein KVU for Sognefjellstunnelane. Då håpar eg at Stortingsrepresentantane frå fylke vårt tek opp saka og dermed støtta vedtaket frå fylkestinget. Sognefjellstunnelane er styrka som prosjekt no, når det er vedteke opprustning av E16 Bergen-Voss, også dersom Rv52 Hemsedal blir valt til nordlig stamveg. Me har eit framtidsretta og godt prosjektet som vil vinna fram, men til fleire som støtta og gjere ein innsats for Sognefjellstunnelane, vil tunnelane bli realisert tidligare. Innlegg av Malvin Stenehjem.

11/10/2015

Sognefjellstunnelane er like aktuelle no som før, me håpar at Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen starta opp ein KVU no.

Eg vil oppfordra Stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane til å ta opp saka, med Samferdselsministaren no i haust.

Når Stortinget i vinter skal diskutera Norsk Transport Plan (NTP), då må ein oppstart av KVU for Sognefjellstunnelane vera med.

Innlegg av Malvin Stenehjem.

26/08/2015

Eg vil oppmoda alle politiske parti til å fremja krav om oppstart av ein KVU for Sognefjelltunnelane no i valkampen. Kva vil Fylkespartia som er representert i Regjeringen gjera for frema saka, dei har best kontakt inn mot Oslo? Og kva vil støtte partia til Regjeringen gjera? Sjølv om saka skal avgjerast i Regjeringen er det viktig å stå på frå både Oppland og Sogn og Fjordane. Innlegg av: Malvin Stenehjem.

11/08/2015

Eg vil oppmoda alle politiske parti til å fremja krav om oppstart av ein KVU for Sognefjelltunnelane no i valkampen. Sjølv om saka skal avgjerast i Regjeringen så må me seia i frå. Innlegg av: Malvin Stenehjem.

21/06/2015

Etter att eg sende innspel til Samferdselsdepartementet om ynskje om start av ein KVU den 3.april, det har eg no fått svar frå Departementet.
Dei skriv at det er venta at dei vil starta til Hausten med å vurdera svara frå høyringsrundane i samband med Aust-Vest utgreiinga og vil vurdera behovet med opp start av ein eigen KVU.

God Sommar til alle her som støtta Sognefjellstunnelane. Innlegg av Malvin Stenehjem.

02/06/2015

I dag 1.Juni var det kaos på Sognefjellet med 17 bilar var fast kjøyrd i snøen, dei måtte reddast ut, på Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø måte ein bilførar reddast ut. Dette viser også att Sognefjellstunnelane trengs også om sommaren. Me taper tid for kvar dag me må venta på at Regjeringen skal starta med KVUen. Innlegg av Malvin Stenehjem.

21/05/2015

Ein godt utbygt E16 frå Bergen, styrkar prosjektet vår med å få bygd Sognefjellstunnelane.
Godt utbygd E16 frå Bergen til Sogn er kjempe viktig som god Stammmveg til Oslo gjennom E16 Fillefjell/Rv 52 også til Trondheim/Lillehammar når Sognefjellstunnellane blir bygd. Eg ser det som viktig at me kan sjå på dette som god infrastruktur i heile Sør Norge, dersom me her Vest kan stå samla i eit helhetssyn blir dette eit stort potensiale for vekst hjå oss. Innlegg av: Malvin Stenehjem

15/05/2015
Kulturdagane i Skjolden 2015

Det har vore stille her ei stund no. Kor tid vil staten setje igang KVU for Sognefjellstunnelane? Kvar blir det av lovnadane til Frp?

Litt på sida:
Alle er velkomne til Skjolden siste helga i mai på Kulturdagane. Her vil det kome mange topp-politikarar kanskje finn me ut kor "landet ligg".
Sjå programmet hjer: http://skjoldenguiding.no/

Innlegg av Terje A. Gudmundsson.

10/04/2015

Fylkestinget sitt vedtak vedr. aust-vestsambanda: 1.Fylkestinget i Sogn og Fjordane støttar Statens vegvesen sin langsiktige utviklingsstrategi for riksvegnettet med to hovudsamband mellom Austlandet og Vestlandet.
2. Fylkestinget i Sogn og Fjordane legg til grunn at E16 over Filefjell vert fullført som planlagt og at nødvendige utbetringar på E16 gjennom Valdres vert utført.
3. Fylkestinget i Sogn og Fjordane støttar Statens vegvesen si klåre anbefaling om tunnel frå Borlaug til Bjøberg og ei vidare opprusting av Rv 52 Hemsedalsfjellet, med tilkopling av Rv5 og ferjefritt samband Mannheller – Fodnes med utbetring av kritiske punkt på Rv 5. Eit slikt hovudsamband mellom Florø og Oslo vil også gje svært god regional effekt for Sogn og Fjordane. Fylkestinget i Sogn og Fjordane støtter RV 134 som øst-vest samband for søndre del av Vestlandet.
4. KVUen over Strynefjellet må avklarast og vidare framdrift må prioriterast uavhengig av aust/vest samband mot Oslo og ferjefri E39, då desse ligg mykje lenger fram i tid.
5. Fylkestinget i Sogn og Fjordane står framleis fast på at staten må sette i gang KVU for Sognefjellstunnelane.

15/03/2015

Malvin Stenehjem snakkar Sognefjellstunnellane si sak i fylkesårsmøtet.

23/02/2015

Innlegg i Sogn Avis i dag, sjølv om det vart nei til KVU frå Aust-Vest utgreiinga arbeida me på for å få ein KVU. Som Ordførar Kvalen formann i Styringsgruppa seier: det er i huvudsak eit Vest-Nord samband, eit godt prosjekt med regionale og nasjonale fordelar, som transport næringa viser stor interesse for. Me gir ikkje opp. Innlegg av Malvin Stenehjem.

21/01/2015

Eg Malvin Stenehjem meinar etter å ha lese litt i Rapporten, at det er svæt beklagelig att Aust-Vest utredningen ikkje vil anbebefalla ein KVU på Sognefjellstunnelane. Eg er ueinig i Konklusjonane og framtidige trafikk tal og nytte effekten.

Når ein er i feil utredning kan dette diverre henda. !3 mrd kr. er ikkje mykje, når ein får ein veg Bergen Trondheim på reisetid på ca 8 timar.
Me gir ikkje opp, dette er byråkratar, me må arbeida hardt Politisk vidare. Styringsgruppa må stå samla, om å knyta saman E16 og E6 og att Tunnelane skal byggast samla i eit Prosjekt.

Alternativ Investeringskostnad Skatte kostnad. Nytte. Nytte Netto.
Fv. 55+53 13 mrd kr 3 5 mrd kr. -11 mrd kr. -0,8 mrd kr.


Bergen-Årdal-Fortun-Lom-Trondheim reise tid med Sognefjellstunnelane 8,03 timar i avstand 575 km
Ein mogelig døgn trafikk spriker mykje frå mellom 220 til 990 køyretøy

Øst –Vest Utredningen skriv dette:
Ikke hensiktsmessig med KVU for Sognefjelltunneler. Den lave forventede trafikkmengden forsvarer ikke de høye kostnadene.

Når det gjelder Sognefjelltunnelene har hensikten med våre analyser
vært å vurdere behovet for å gjennomføre en KVU. Våre analyser
viser at en utbygging av Sognefjelltunnelene gir liten effekt. Vi
mener derfor det ikke er behov for en KVU for Sognefjelltunnelene

14/12/2014

Start opp KVUen av Sognefjellstunnelane, planlegg og bygg tunnelane.
Sognefjellstunnelane er eit av Norges beste vegprosjekt, som det står i NTP, eit prosjekt med eit stort potensial. Knyta E16 saman med E6 og me har ei ferjefri låglands line vest-aust, eit nasjonalt samband med kort reisetid Bergen-Trondheim (9, 5t) og godt samband til indre austlandet.Bilete er frå Aust-Vest Utgreiinga til Samferdselsdepartementet. Innlegg av Malvin Stenehjem.

15/11/2014

Eg har den 2. November sendt eit innspel til Vegdirektoratet sin utredningsgruppe, om aust-vest samband i Sør-Norge.

Sognefjellstunnelane er først og fremst eit nasjonalt prosjekt, som vil knyta saman Vest Norge med Midt Norge.

Eg legg og vekt på att dette sambandet med å knyta E16 til E6 vil gi store fordelar for næringslivet på Vestlandet og i Midt Norge, også med store lokale fordelar, difor er det så viktig å få starta ein KVU som kan syna potensialet.

Svaret eg fekk hjå vegdirektoratet var posetivt, og at dei vil ta dette med inn i utredningen.
Innlegg av: Malvin Stenehjem.

Adresse

Luster, Lom Og Årdal
Skjolden

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sognefjelltunnelane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del


Andre reisebyråer i Skjolden

Vis Alle