Visit Ulstein

Visit Ulstein Hjarteleg velkomen til Ulstein og Ulsteinvik på Søre Sunnmøre!

Reiselivsprosjektet Visit Ulstein er leia av Ulstein Næringsforum i samarbeid med Ulstein kommune.

14/08/2026

God morgen! Er de klare for dagen?

I dag er det massevis som skjer, frå tidleg morgon til sein kveld!
Kunstutstillinga opnar, fleire båtar kjem til, du kan besøke både Hindholmen og Polarstar, få med deg foredrag om ‘Embla - kvinneskipet Ro for fred’ og Hans Strøm - begge på hotellet.

I tillegg til aktivitetar på Skaparhuset og teiknekonkurranse på hotellet, kan borna få ein tur med Elias-båtane.

Det vert musikk frå utescena og konsert i kveld med Sunnmøre Baarelag - samt kystmarknad og så mykje meir! Vi gler oss til å sjå alle som tek turen innom festivalen!

Heile programmet for dagen finn du på www.trebaatfestivalen.no

14/08/2026
03/07/2026

No er det siste innspurt for å vere med og kåre Ulstein kommune til Årets maritime kommune.

03/07/2026
03/07/2026

Sommerutstillingen er åpen søndager 12-18, og ved avtale.
Ta gjerne kontakt.😀
Gruppeutstilling med Håkon Bleken, Sverre Bjertnæs, Veronica Lund, Bjarne Melgaard og Christer Glein.
Trykk, malerier og skulpturer.
Mini kaffe og galleri butikk.😀
Velkommen ut til glade Flø
Del gjerne ..

01/07/2026

💙 Laurdag er det kamp på Høddvoll!
Etter ein sterk 4–1-siger over Lyn kjem Hødd inn i helga med tre viktige poeng i bagasjen – og mykje å spele for i kampane som no ventar 🙌

Men denne kampen er ekstra spesiell:
⚽ Hødd Fotball vert den første klubben i Noreg som når 1000 kampar på nivå to!
Jubileet vert markert med prosjektet «1000 Blå Hjarte», ei satsing for framtida til klubben og lokalsamfunnet 💙
Sjå korleis du kan vere med på feiringa i kommentarfeltet 👇

Sjåast vi på Høddvoll på laurdag?

🏆 Hødd – Strømsgodset
💙 Heia Hødd!

🎨 Vil du vere med og forme eit av dei største kunstprosjekta i Ulstein og Herøy dei neste åra?No er Kunstlandskap MIDT o...
29/06/2026

🎨 Vil du vere med og forme eit av dei største kunstprosjekta i Ulstein og Herøy dei neste åra?

No er Kunstlandskap MIDT offisielt i gang, og vi leitar etter både ein kunstkonsulent og engasjerte personar til kunstutvala i Ulstein og Herøy.

Målet er å skape kunst som skal stå att lenge etter at prosjektet er avslutta – og som fortel noko om kven vi er, kvar vi kjem frå og kvar vi er på veg.

No ønskjer vi å samle gode folk rundt bordet. Kanskje er du ein av dei?

🔗 Les meir i Vikebladet og på prosjektet si nettside i kommentarfeltet.

Foto: Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten

Adresse

Ulsteinvik
6065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Visit Ulstein legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Visit Ulstein:

Snarveier

Del