Ulvik Sportsfiskarlag

Ulvik Sportsfiskarlag Ulvik sportsfiskarlag vart skipa 2011 og er ein del av Norges jeger- og fiskeforbund.

Laget har som mål å auka interessa for sportsfiske hjå unge og gamle i alle aldrar.

09/07/2026

Mykje liv langs bekkane om sommaren🌿🐝

Me heng opp desse flotte informasjonsskilta i Ulvik, slik at alle som ferdast langs elvar og bekkar kan lese litt om dei...
10/06/2026

Me heng opp desse flotte informasjonsskilta i Ulvik, slik at alle som ferdast langs elvar og bekkar kan lese litt om dei viktige vassdraga me har her i bygda – og mange andre stader i Hardanger. 🌿🐟😊

06/06/2026

Møt ein av dei dyktige illustratørane som har bidratt til Den ville sjøauren – Bendik Lekve Haugum 😊🎨🐟

Med kreativitet, naturglede og eit skarpt auge for detaljar har Bendik vore med på å gi liv til verda rundt sjøauren. Gjennom imponerande illustrasjonar har han skapt stemningar og naturopplevingar som løftar forteljinga og gjer boka til ei rik oppleving for både store og små.

I dette intervjuet deler han tankar om arbeidsprosessen, inspirasjonen bak illustrasjonane og kva som gjorde prosjektet ekstra spennande å vere ein del av.

Tusen takk, Bendik, for det flotte arbeidet og for alt du har bidratt med i Den ville sjøauren! 💙🍂

04/06/2026

Tusen takk til alle som har kjøpt boka vår! 🐟🌿😊

Sidan lanseringa har me seld heile 200 eksemplar av Den ville sjøauren, og det er me svært glade og takksame for. 🙏

Du finn boka på desse utsalsstadene:

📚 Hardanger Produksjonsskule, Ulvik
📚 Akvariet, Bergen
📚 Stend Gardsbutikk, Fana
📚 Norsk Natursenter, Eidfjord
📚 Hauge-senteret, Ulvik
📚 Atlanterhavsparken, Ålesund
📚 Fjell & Fjord Kafé & Kremmeri, Eidfjord
📚 Bokbåten Epos

Fleire utsalsstader kjem etter kvart!

Ønskjer du å bestille eitt eller fleire eksemplar, eller er du interessert i vidaresal, kan du sende e-post til:
📧 [email protected]

Takk for all støtte og interesse for den ville sjøauren! 🐟💙

04/06/2026
🌿 Kvifor er kantvegetasjon langs bekkar og elvar så viktig?Kantvegetasjon er tre, busker, gras og annan naturleg vegetas...
27/05/2026

🌿 Kvifor er kantvegetasjon langs bekkar og elvar så viktig?

Kantvegetasjon er tre, busker, gras og annan naturleg vegetasjon langs eit vassdrag. Dette er mykje meir enn berre “vill natur” – det er heilt avgjerande for livet i og rundt vatnet.

✅ Røtene held jorda på plass og hindrar erosjon
✅ Vegetasjonen fangar opp jord, næringsstoff og forureining
✅ Tre og busker gir skugge og held vatnet kjøligare
✅ Viktig leveområde for insekt, fuglar, fisk og anna dyreliv
✅ Dempar flaum og reduserer skadar langs vassdraget

Når kantvegetasjon blir fjerna heilt ned til be**en eller elva, blir naturen meir sårbar. Vatnet blir varmare, meir jord og slam hamnar i vassdraget, og leveområda for fisk og smådyr blir dårlegare.

Naturleg kantvegetasjon er ein enkel og viktig måte å ta vare på både vassmiljø, biologisk mangfald og framtidige generasjonar 🌱😃

Kantvegetasjonen langs vassdrag har stor verdi og mange viktige funksjoner, både for natur og folk. Vannressursloven §11 setter krav om at det skal opprettholdes naturlig kantvegetasjon langs alle vassdrag med årsikker vannføring. Statsforvalteren kan i særlige tilfeller gi tillatelse til fjern...

Planting av små piltre 🌿• Tok nokre små greiner av pil• Sette dei i jord så dei får rota seg• Planta dei langs sjøaurebe...
06/05/2026

Planting av små piltre 🌿

• Tok nokre små greiner av pil
• Sette dei i jord så dei får rota seg
• Planta dei langs sjøaurebe**en 🌊🐟

🌳 Målet er meir skugge, betre kantvegetasjon og eit betre miljø for sjøauren over tid.

💫 Tiltak, planlegging og gjennomføring vert gjort av ungdommar ved Hardanger Produksjonsskule

Kva tenkjer de om slike tiltak? 🙏😊

Adresse

Ulvik I Hardanger

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ulvik Sportsfiskarlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del