11/09/2026
STATUS PÅ BILLETTAR TIL JULESHOW🌟
Me er heilt overvelda og utruleg takknemlege for den enorme interessa for juleshowet med Øyvind Rafto på Olaskjeret! Både 28. november og 5. desember er no heilt fulle!🤩
Men fortvil ikkje – me har framleis opne dører fredag 11. desember! Me gler oss stort til å ta imot dykk, og håpar du samlar dine nære og kjære, eller gode kollegaer, til ein kveld der de berre kan senke skuldrene og kjenne på den gode, lune julestemninga hos oss 🤎✨
Utfyllande informasjon om sjølve arrangementet og den juleinspirerte menyen finn de på heimesida vår under BILLETTAR.
Me har lyst til at vegen dykkar til oss skal bli så enkel og hyggeleg som mogeleg, og hjelper dykk gjerne med å finne gode løysingar. Me kan til dømes vere behjelpelege med å skaffe skyssbåt for større grupper som kjem utanfrå Austevoll. Viss de har de behov for overnatting, finst det fine mogelegheiter i området, og for dykk som skal heim igjen same kvelden går det nattferge til fastlandet. Hos oss er det berre mogelegheiter, ikkje utfordringar!🥰
Ta gjerne kontakt med oss på e-post [email protected], eller med Christina på tlf 90192826 dersom de har spørsmål eller noko me kan hjelpe til med😃
Billettar til 11. november er tilgjengelege på heimesida vår og hos Easyticket.no.
PS! 😍 Ønskjer de eit heilt privat juleselskap?
Det er også mogleg å booke Nothengjo eksklusivt for eigne juleselskap på andre datoar (minimum 100 gjestar). Ta kontakt for eit skreddarsydd tilbod!