VD Museet

VD Museet Lokalhistorisk museum for fiskeri- og fangstsoga på Vartdalsstranda. Vi held til i eigne lokaler tilknytta den nye VD-hallen på Vartdal.

VD Museet viser gjennom tekst, bileter, utstilling av gjenstandar og modellar, og med interaktive presentasjonar historia om fiskeri og fangst på Vartdalsstranda. Utstillingane tek føre seg båtane, folket og utstyret, og omhandlar både heimesjøen, havfiske og ishavsfangst. VD Museet har førebels ope fyrste torsdagen i kvar månad, og ellers etter avtale. Vi tek ikkje inngongspengar i vanlege opning

stider, men er alltid takksame for ein frivillig donasjon i bøssa vår. Alle innkomne donasjonar går uavkorta til drifta av museet.

02/03/2026

Årsmøte

Vartdalsstranda sogelag skipar til årsmøte på VD-museet tysdag 17. mars 2026 kl 18.30. Vanlege årsmøtesaker. Innkomne saker må vere styret i hende innan måndag 16.mars.

Styret

1952. Av Bjarne P. Sætre(Ved Magne Ivar Sætre)
08/02/2026

1952. Av Bjarne P. Sætre
(Ved Magne Ivar Sætre)

Klargjering i januar. Silda hadde kome litt seinare siste åra. Lars Liadal var maskinist og Severin Dybvik var stuert. Første silda på Svinøyhavet 19. januar. Fisket hadde gått føre seg for det meste frå Florø og nordover. Vi leverte ikkje i Bergen denne vinteren. Fisket var jamt bra, men ko...

1951. Av Bjarne P. Sætre(Ved Magne Ivar Sætre)
28/01/2026

1951. Av Bjarne P. Sætre
(Ved Magne Ivar Sætre)

Fisket tok til 22. januar. «Sarsen» melde silda stod 25 kvartmil frå Storholmen. Var der silda stod klokka 9 om kvelden. Det var eit svært stort sildeflak. Følgde med på ekkoloddet. Den seig på SV. Vi fekk ikkje kaste før kl 12 midnatt. Vi heldt oss i SV-kant av sildeflaket. Den var alltid b...

God finnmarksfisk(Ved Magne Ivar Sætre)
11/01/2026

God finnmarksfisk
(Ved Magne Ivar Sætre)

En motorbåt fra Vartdal, som i år har drevet torskefiske i Finnmark og tilvirket sin fangst selv, har ved leveransen av den ferdige klippfisk opnådd rent enestående resultat. Der var lotter med 90 pct førstesort. Si så at ikke finnmarksfisken kan bli fin nok, når den bare behandles på rette ...

Karl Straume sitt måleri av Rot (Ved Magne Ivar Sætre)
02/01/2026

Karl Straume sitt måleri av Rot (Ved Magne Ivar Sætre)

I avisa Møre Social-Demokrat av 18. november 1925 er det ein omtale av målaren Karl Straume (1877-1968) si utstiling den hausten i Kunstforeningen i Ålesund. Om eit av måleria vert sagt : «Rot», Vartdal, er et vakkert billede, fast opbygget, godt avgrenset og sitrende av sol i det grønne græ...

1950. Av Bjarne P. Sætre(Ved Magne Ivar Sætre)
25/12/2025

1950. Av Bjarne P. Sætre
(Ved Magne Ivar Sætre)

Klargjering først i januar. Silda kom ikkje før i slutten av januar. Fisket gjekk føre seg frå Florø til Storholmen. Vi var visst med ein last til Haugesund. Det var godt vêr og bra fiske, det var no kome til ein stor flote. Floten voks kvart år med nye båtar. Sildeoljefabrikkane blei oppfyl...

22/12/2025
1949. Av Bjarne P. Sætre(Ved Magne Ivar Sætre)
21/12/2025

1949. Av Bjarne P. Sætre
(Ved Magne Ivar Sætre)

Klargjering etter nyttår. Mannskapet stort sett det same. Nye var Håkon P. Myklebust og Peder A. Vartdal. Sverre Raudøy var den vinteren bas på «Bangavåg». Det var ein stormvinter, men vi sleit oss tak i ein del sild. Det var ofte spennande om ein klarte å berge kasta i dårleg ver. Vi fangs...

Vartdalingar på fylkessjå for småfe 1962-68(Av Magne Ivar Sætre)
20/12/2025

Vartdalingar på fylkessjå for småfe 1962-68
(Av Magne Ivar Sætre)

I åra etter 1960 synest det som om nørevartdalingane var dei i Vartdal med størst interesse for sau og sauehald. Dei deltok iallfall langt oftare på småfesjå, ja, ein finn ingen dyr frå Barstadvika og Årsetdalen påmeld til småfesjåa i Ørsta i 1962, 1963 og 1968, Utan at det i seg sjølv ...

1948. Av Bjarne P. Sætre(Ved Magne Ivar Sætre)
19/12/2025

1948. Av Bjarne P. Sætre
(Ved Magne Ivar Sætre)

Klargjering over nyttår. Mannskap nesten som før. Bjarne Myklebust og stuert Peder Iversen var nye. Første fangst på Svinøyhavet, 1060 hl levert i Ålesund. Seinare var fisket utfor Måløy og Florø. Det var godt fiske. Stor flote. Vi måtte kjøre lenger med silda, til Haugesund og Stavanger....

Adresse

VD Hallen
Vartdal Søre
6170

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når VD Museet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til VD Museet:

Del