Visit Voss

Visit Voss Voss
The Adventure Capital of Norway

Go to our homepage and find out more
www.visitvoss.no www.visitvoss.no
(1)

Treng du ei pause frå skjerm, mas og multitasking? Bli med på Logg av – Lev på: ei telefonfri helg på vakre Mjølfjell, 1...
11/09/2025

Treng du ei pause frå skjerm, mas og multitasking? Bli med på Logg av – Lev på: ei telefonfri helg på vakre Mjølfjell, 19.–21. september 2025. Her får du tid til å lande, puste og berre vera – omgjeven av roleg natur, varme folk og eit program som gir næring til både kropp og sinn. ✨

Yoga, gongbad, te-sanking, god mat og peiskos – utan skjerm, men med ekte nærvær. 📵

👉 Les meir og finn heile programmet her:
https://www.facebook.com/events/1100105032062619

Påmelding til Helle på [email protected] 💌

Har du ikkje gått turen frå Stalheim til Nåli før? 😃Her får du ein kort, men opplevingsrik tur med nydelig utsikt mot St...
22/08/2025

Har du ikkje gått turen frå Stalheim til Nåli før? 😃

Her får du ein kort, men opplevingsrik tur med nydelig utsikt mot Stalheimskleiva. Turen er ca 5km og tek ikkje mykje meir enn 2 timar tur/retur. Nokre parti er litt luftige, men det er sikra i fjellet med kjetting så du kan halda deg fast der det kan vera behov for det.

Treng du fleire turalternativ på Voss? Ta ein titt innom heimesida vår ⬇
https://www.visitvoss.no/vandring-pa-voss

Snart haust 😍🍁 Fjellturar i haustlandskap er noko mange ser fram og når me ser i fotoarkivet hugsar me kvifor. Kva er di...
17/08/2025

Snart haust 😍🍁 Fjellturar i haustlandskap er noko mange ser fram og når me ser i fotoarkivet hugsar me kvifor. Kva er din favoritt fjelltur? Del gjerne i kommentarfeltet😁

Foto: Kjartan Haugen
Du kan bli med han og Hardanger Fjellguide på tur eller la deg inspirera av bileta hans på https://turogfoto.no/ 😊

Det skjer mykje spennande på Voss framover 🤩 Alt frå bygdelaurdag, turar med Voss utferdslag, humorfestival i Myrkdalen,...
14/08/2025

Det skjer mykje spennande på Voss framover 🤩 Alt frå bygdelaurdag, turar med Voss utferdslag, humorfestival i Myrkdalen, Kulturarvfestivalen i indre Vestland til Smalahovesleppet - noko for ein kvar smak 😁 Kva skal du få med deg av arrangement i haust?

Følg med på https://www.visitvoss.no/arrangement-pa-voss 😊

Har du ikkje vore på Klyvsnolten før? 😃 Då bør du setja den på lista! Frå parkeringa eit steinkast frå Lemmestjørni på K...
31/07/2025

Har du ikkje vore på Klyvsnolten før? 😃 Då bør du setja den på lista!

Frå parkeringa eit steinkast frå Lemmestjørni på Kyte følgjer du traktorvegen eit godt stykke før du tek av og går ut på stien opp mot toppen. Her går du gjennom skog og over myrer, så det er lurt å bruka sko med goretex om du ynskjer å holda beina tørre.

Turen er passe lang – 2 til 2,5 timar tur/retur – og på toppen ventar panoramautsikt over bygda og fjella rundt. Perfekt for ein roleg dag ute, eller som ein ettermiddagstur når du ynskjer litt frisk luft og kortreist utsikt.

Les meir om andre turar på Voss her ⬇
https://www.visitvoss.no/vandring-pa-voss

Det er meldt strålande vér på Voss denne helga – perfekt for å koma seg ut og nyta alt bygda har å by på! 🚶‍♀️🚴‍♂️🏞️Kva ...
11/07/2025

Det er meldt strålande vér på Voss denne helga – perfekt for å koma seg ut og nyta alt bygda har å by på! 🚶‍♀️🚴‍♂️🏞️

Kva aktivitet vel du?

🌿 Gå ein roleg tur til Bordalsgjelet og kjenn naturen på nært hald
🧗‍♀️ Test klatreparken til Voss active eller ta turen med gondolen til Hangurstoppen
🚣‍♂️ Få adrenalinet til å pumpa med rafting
🚴‍♀️ Utforsk stiar og grusvegar med sykkel i vakre omgjevnader
🍃 Slapp av med Vangsvatnet eller på ein av dei mange badeplassane

💚 Uansett kva du vel: her på Voss ventar sterke opplevingar, frisk luft og gode minner.

Planlegg helga di her 👉 https://www.visitvoss.no/opplevingar-sommar

Utebassenger er endeleg ope att, 11:00-17:30 kvar dag 🤩 No også med kafé og badstove!Under Ekstremsportveko kan du vera ...
25/06/2025

Utebassenger er endeleg ope att, 11:00-17:30 kvar dag 🤩 No også med kafé og badstove!

Under Ekstremsportveko kan du vera med på litt ekstra morro:
🤸‍♂️ Deep Water Solo. Torsdag 26.06
Kvalifisering 09:00-11:00
Finale 17:00-18:00
Kl. 11:30-13:00 – Try Deep Water Solo m/ instruktør og oppfølging
Kl. 13:00-16:00 – open vegg for alle som badar i Utebassenget!

💥Try Døds. Laurdag 28.06
kl 16:00-17:00 - med rettleiing frå erfarne instruktørar, og det er lov å begynna lågt og trygt.

🥇 Vossameisterskap i vannsklie. Laurdag 28.06
Finale kl. 17:00

Meir info om prisar og badereglar finn du på heimesida til Vossabadet og Voss Utebasseng 😊

Dette bør du få med deg som publikum, på Ekstremsportveko 2025 🤩 Veko byr på heftige konkurransar, spektakulære show, og...
13/06/2025

Dette bør du få med deg som publikum, på Ekstremsportveko 2025 🤩 Veko byr på heftige konkurransar, spektakulære show, og mange aktivitetar som alle kan prøva seg på.

Les våre tips her:
https://www.visitvoss.no/publikum-pa-veko

09/05/2025

No er gondolen og Hangurstoppen Restaurant open kvar dag fram til og med 14.oktober! 😄

Ta turen til Voss og reise opp til Hangurstoppen og nyt den fantastiske naturen og utsikten, og nyt eit godt måltid etterpå! 😊

Sjekk opningstidene her, og ikkje minst utforsk heimesida til Voss Resort for å sjå kva som skjer i vår og sommar:

https://www.vossresort.no/info/opningstider

Har du eit namneforslag? 🔥 Vossabadet og Voss Utebasseng opnar ei ny bad-storstove i Utebassenget – og me treng hjelp fr...
23/04/2025

Har du eit namneforslag? 🔥 Vossabadet og Voss Utebasseng opnar ei ny bad-storstove i Utebassenget – og me treng hjelp frå DEG til å gje ho eit namn som kler både bygget og bygda!😍

Dette blir ikkje berre ei badstove – dette blir ein samlingsplass, eit pusterom og eit varmt punkt midt i det friske utebadelivet på Voss.
Og sidan dette er ei badstove for folket, er det sjølvsagt vossingane som skal få æra av å bestemme namnet 🫶🧖‍♀️

Send inn ditt navneforslag innan 30. april!

Vert ditt forslag det endelege namnet, vinn du privat tid i badstova + årskort som gjeld både i Vossabadet og Utebassenget. Heilt konge, spør du oss 👑🎁

Ein jury med både lokale eldsjeler og badenymfer plukkar ut 5 favorittar favorittar – og i mai blir det folkeavstemming.
Demokratisk, varmt og ekte – akkurat slik me likar det på Voss!
Juryen vil bestå av:
Leiar for Prosjekt og utvikling i Voss Herad, Elisabeth Lillegraven.
Dagleg Leiar i Seimen AS, Eirik Dragusvoll Seim.
Representantar frå Visit Voss og Vossabadet

👉Send inn ditt forslag her: https://rb.gy/6n5i1q

Foto: UAS Voss

Adresse

Evangervegen 3
Vossevangen
5700

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:00
Tirsdag 09:00 - 16:00
Onsdag 09:00 - 16:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 16:00
Lørdag 09:30 - 15:00
Søndag 09:30 - 15:00

Telefon

+4740617700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Visit Voss legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Visit Voss:

Del